Grasrotandelen for

Det er nå samlet inn

10 245,-

med bidrag fra Grasrotandelen, tilskudd og andre gaver

Linker:

Oppretta 16.05.2010 av Arvid Vindedal.

Nok eit vellukka cuprenn

Av: | 2. February, 2011
Print


45 deltok på årets andre cup-renn i Borgund! Nok ei helg med godt frammøte på  cuprenn  arrangert av Skigruppa i  Lærdal Idrettslag.

   

                        Klar for start.                                        Endeleg i mål!

 

Etter ein mildperiode var me heldige som hadde nok snø så me fekk halda også det andre cuprennet på Kvamme. Rett nok måtte litt ekstra snø spadast inn i løypa, men det er slikt som høyrer med.  Temperaturen var eit par minus grader.  Perfekt for ein vellykka skidag! Deltakarane var like ivrige som sist, og mange tok seg heilt ut og måtte kaste seg overende då dei kom i mål.  Godt for kropp og sjel!

Etterkvar som løparane kom i mål venta varm saft. Det er alltid godt når ein har gått langt på ski. Så er det også ganske koseleg å slå av ein prat med dei andre deltakarane, og tilskodarane. Skigruppa ynskjer vel møtt igjen til neste skirenn som er 13. februar!

For Skigruppa LIL, Sonja Mari Gram

 

Resultata frå rennet finn du her.



Tilbake