Grasrotandelen for

Det er nå samlet inn

10 245,-

med bidrag fra Grasrotandelen, tilskudd og andre gaver

Linker:

Oppretta 16.05.2010 av Arvid Vindedal.

Cuprenn med noko attåt

Av: | 15. March, 2011
Print
4. cuprenn på Kvamme samla 47 deltakarar søndag 13. mars. Dette var årets siste cuprenn, og det var fleire som ville prøve å gå ekstra fort i dag. 
     

Det var litt vanskelege forhold, men fine løyper. Nokon trefte godt med smøring av ski, og andre trefte ikkje like bra. Men det er ikkje noko å seie på innsatsen i skisporet. Skiløparane våre gir alt!

Trivselgruppa i Borgund Utvikling serverte pølser, mens Skigruppa som vanleg hadde servering av varm eller kald safte etter rennet. Det er alltid triveleg når det er litt ekstra i forhold til det, som er forventa. Så det var mange glade skiløparar på Kvamme i dag.

Totalt i år har skirenna på Kvamme samla 199 startande! Mange har vore med på alle fire renna, mens andre har vore med på 3, 2 eller eitt renn. Premieutdeling vert ein kveld siste veka før påske. Som vanleg vert det i Borgund Samfunnshus. Informasjon om dag og tidspunkt kjem seinare.

På vegne av oss som har arrangert skirenna i år vil eg takke alle som har deltatt i 2011. Me sender også ei stor takk til foreldra. Det er flott at de stiller opp!

For Skigruppa i LIL

Sonja Mari Gram

 

Resultata finn du her.



Tilbake