Grasrotandelen for

Det er nå samlet inn

10 245,-

med bidrag fra Grasrotandelen, tilskudd og andre gaver

Linker:

Oppretta 16.05.2010 av Arvid Vindedal.

3. cuprenn på Kvamme.

Av: | 19. February, 2011
Print
Godt frammøte på 3.cuprenn i Borgund. Kulden skremde ingen frå å delta søndag 13.februar. 
   

Nok ein gong kunne sekretariatet i skigruppa konstatere over 50 deltakarar i løypene på Kvamme. Heile 53 skiløparar deltok på rennet!

Kvar gong får skiløparane varm eller kald saft når rennet er gjennomført, men på dette rennet vart det ekstra belønning med ein liten pose med mandarin, rosiner og sjokolade i.  Etter kvart dukka også sola opp, og det vart svært så triveleg i området rundt Røysestova på Kvamme.

    

Alle oss som jobbar med skirenna i vinter er svært nøgde med oppslutnaden. Det er moro å drive dugnad når interessa er så stor.  Me er  godt nøgde med innsatsen hjå alle som deltek, men me er også svært nøgde med foreldra til skiløparane våre. Det er ei sunn  og god interesse de sår hjå ungane dykkar med at de tek dei med på skirenn. Dei vert glade i naturen, og det å kome seg ut i skog og mark, og til fjells. Dette er viktige interesser for oss som bur i Lærdal kommune. Me ynskjer velkomen att på neste skirenn, som er 13. mars.

For Skigruppa i LIL

Sonja Mari Gram

 

Resultata finn du her.

 



Tilbake