Grasrotandelen for

Det er nå samlet inn

10 245,-

med bidrag fra Grasrotandelen, tilskudd og andre gaver

Linker:

Oppretta 16.05.2010 av Arvid Vindedal.

Vik - Lærdal

Av: | 5. September, 2011
Print
Lærdal tapte heile 5-1 borte mot Vik. Ole Johnny Cirotzki Voll skåra målet for Lærdal.

Fyrste omgang
Til denne kampen valde me å legga om formasjonen til 3-5-2 for å prøva å overrumpla serieleiaren. Me hadde nok kanskje brukt litt mykje tid og krefter på å fordøya den nye formasjonen. Når dommaren bles i gang kampen såg det faktisk ut som om me hadde gløymt at dette betydde at me skulle begynna å spela. Slikt gjer man ikkje ustraffa mot Vik og etter 2 minuttar er det duka for 1-0. Robert Hovland kjem seg fri på kant og når innlegget kjem står Kristoffer Valsvik heilt åleine og kan enkelt setja inn ledarmålet. Etter 7 minuttar brukar Vik same oppskrifta, men denne gangen vert me redda av noko som for meg såg ut som ein særs tvilsam offsideavvinking. Det tek i det store og heile 10-12 minuttar før me kjem i gang, og etter 15 minuttar har me vår første sjanse, Vik set i gang eit nytt angrep som me bryt, og gjer akkurat som me har snakka om før kampen. Lang ball opp som Thomas Grøttebø stussar gjennom til Ole Johnny som sikkert set inn 1-1. Etter dette er det ikkje mykje meir som skjer i 1. omgang, Grøttebø pådreg seg eit gult kort midt i omgangen og det vert litt humor når dommar og assistentdommar ikkje greier å bli einige og vinking og peiking går litt hulter til bulter. Alt i alt ein godt gjennomført omgang frå vår side. 


Ole Johnny skåra eit flott mål mot Vik !

Andre omgang
2. omgang startar med litt trøkk frå vår side. Ole Johnny kjem mellom anna gjennom og set ballen utanfor frå skrått hold. Etter 10 minuttar er det derimot slutt på moroa og Vik bestemmer seg for å visa kvifor dei leiar divisjonen. Med mål av Kenneth Skjerven etter 10 og 16 minuttar er kampen vert det særs vaskeleg. Etter 18 minuttar byter me ut Andreas og set inn Simen og etter 13 minuttar kjem Øystein inn for Sjur David, som har sprunge seg heilt tom. Etter 27 minuttar klarar me og å gjera kanskje den største feilen man kan gjera mot Vik, nemleg å lata Svein Erik Saglien stå umarkert i feltet på eit innlegg. 4-1! Etter 30 kjem Aleksander inn for Thomas Lunde. Det verkar som om me har rista av oss litt av nedturen no og me begynnar å skape sjansar att. Simen får tre gode gjennomspel på kort tid men klarar ikkje å overliste Stig Roar Hovland i Vik-målet. Etter 39 minuttar drep Vik alt som kunne minna om spenning i kampen når Marius Valsvik set inn 5-1. Etter 40 byter me ut Kim, som har hatt ein stri dag på venstre stopparplass mot ein særs opplagt Robert Hovland, Gøran kjem inn. Me skapar nok ein sjanse etter 42 når Øystein kjem fram på kanten og legg inn, Thomas kjem først på ballen og stussar i duell med keeper som sler hol i lufta. Peder Lem, som leverar ein solid debut for oss, headar like over mål. I løpet av 2. omgang får og Kristen eit gult kort, men når hugsar eg ikkje.

Totalt sett er me ikkje misnøgd med denne kampen, og tykkjer nok at 5-1 var noko flaterande for heimelaget. Me skaper fleire farlegheiter framfor Vik sitt mål og hadde me vore like heldige som Veitastrond var her inne hadde me fått med oss poeng. Spelet er i lange periodar særs bra.

Laget: Per Einvald – Jan Andre (kaptein), Anders, Kim (Gøran - 85) – Sjur David (Øystein Aa – 68)  , Thomas Lunde (Aleksander Høydal – 75), Andreas (Simen – 63), Kristen, Peder – Ole Johnny, Thomas Grøttebø.

Gult kort: Kristen Rockland Aarethun og Thomas Grøttebø.

Kampfakta: Vik - Lærdal 5-1 (1-1)

1-0 Kristoffer Valsvik (2.min)

1-1 Ole Johnny Cirotzki Voll (25.min)

2-1 Kenneth Skjerven (53.min)

3-1 Kenneth Skjerven  (61.min)

4-1 Svein Erik Saglien  (72.min)

5-1 Marius Tistel (85.min)



Tilbake