Ref - Førde 2 - Lærdal
Denne kampen skulle gått i Førde, men når me kom dit hadde me allerede blitt spurt om me kunne flytta den til Naustdal. Når me kom bort til bana forstod me med ein gang kva som var grunnen til dette. Der det var ei kunstgrasbane minna det no meir om eit utandørs symjebasseng, og flytting av kampen var heilt greitt for oss. Kampen starta litt nervøst, og det kunne i periodar virka som om me ikkje kom heilt i gang. Etter 4 minuttar kom Førde til sin første mogelegheit, men Per Einvald var med på notane. Etter 12 minuttar bestemte Sjur David seg for å ta litt tak i kampen. Ein førdespelar hadde ballen, men dette godtok ikkje vår unge midtbanekrigar som med både lovlige og om mogeleg fleire ulovlige midlar tok ballen frå han. Dette likte dommaren dårlig, men nøya seg med tilsnakk. Etter 18 minuttar fekk Førde utteljing, eit raid fram på høgresida var so imponerande att når innlegget kom hadde me ikkje fått med oss at to førdespelarar hadde sprunge inn på bakerste, og på blank sette ein av dei inn 1-0. Etter 30 minuttar vert det stadfesta frå benken bak meg at eg bevegar meg meir på sidelinja en det enkelte av spelarane på bana gjer, eg vonar dette seier meir om spelarane enn om meg. Berre ein god keeper hindrar større førdeleiing i denne omgangen. Mot slutten vaknar me litt, først var Førde på farten, og heilt åleine gjennom kastar førdespissen seg i bakken som om nokon skulle ha skote han. Ikkje ein gang Aksel Hennie kunne spelt meir overbevisande, berre synd vår spelar var 2-3 meter bak han når han datt. Etter dette har Joakim to gode sjansar, ein som han ikkje når fram på og ein som vert avblåst for offside der han set ballen i mål. Dette var tilsnakk, i motsetning til filminga som ikkje var noko som helst? Offsiden var og særs tvilsom, men dette er ikkje lett når man ikkje har assistentdommarar. Pause og 1-0 til Førde.
2. omgang startar bra for vår del, Peder klinkar til like utanfor allereie etter eit minutt. Like etter på Per Einvald i aksjon att med nok ei god redning før Joakim kjem inn på 20 meter og skyt rett på keeper. Etter 10 minuttar er det duka for drama i Naustdal, Andreas spring utan ball mot eige mål når ein førdespelar plutseleg dreg til han i sida rett framfor dommaren, det raude kortet var det ingen tvil om sjølv om alle førdespelarane var ueinige i det. Andreas låg nede ei stund med smerter i sida, og hadde kampen gått i bassenget i Førde hadde han nok drukna i den situasjonen. Han kom seg på beina at, og kampen kunne fortsetja. Etter 18 minuttar kjem Thomas inn for Gøran. No er det mykje frustrasjon på lærdalsbenken og dommaren gjer mykje rart, førde spelar veldig stygt, men dommaren tillet veldig mykje. Han bles hands når ballen treff Øystein i magen, men når ein førdespelar strekk ut armen og stoppar ballen i feltet er det ingenting. Førde skaper og ein stor sjanse etter å ha tatt sesongens grovaste feilkast. Etter 23 minuttar kjem Aleksander inn for Sjur David. Etter 26 minuttar er det 2-0 til Førde II. Nok ein gang glipp markeringane. Minuttet etter kjem Anders inn for Joakim. Etter 35 minuttar får me vår første corner, og me sender no fram alt. Dette betyr at Per Einvald går fram, og dermed står det 3-0 etter 36 minuttar. Per Einvald får og sitt første gule for sesongen. For å gjera audmjukinga komplett scorar keeperen til Førde på frispark frå 30 meter etter 44 minuttar. So må Vidar gi seg med noko som viser seg å vera eit avrive leddbånd i ankelen. Me avsluttar sesongen med 0-4 i ein særs rar fotballkamp.

Vidar fekk avrene leddband i ankelen under dagens kamp, og hamna på Førde sentralsjukehus. Det går etter forholda bra med Vidar.
Førde 2 - Lærdal 4-0 (1-0)
1-0 18 min Einar By
2-0 71 min Marius Ghiorghita
3-0 81 min Kim André Herstad
4-0 89 min Fredrik Hanssen
Gult kort: Per Einvald
Lærdal (4-4-2): Per E. Aspevik – Øystein Aa. Lysne, Vidar Hille, Ole J. C. Voll, Jan A. C. Voll – Gøran Klingenberg (Thomas Lunde frå 63), Finn Hauge, Andreas Natvik, Sjur D. Rio (Aleksander B. Offerdal frå 68) – Joakim Moen (Anders Veum frå 72), Peder Lem.
Førde 2: Fredrik Hanssen; Sondre Herstad, Kristian Langedal, Martin Dvergsdal, Tobias Holsen Oppedal, Einar By, Øystein Stafsnes Bøyum (Raudt kort), Torstein Frøholm (Eirik Kvame), Ørjan Vikum (Robin Rørstadbotten), Erlend Moen Taule (Øystein Østvik), Marius Ghiorghita (Kim André Herstad).
Me gratulerar Aleksander Offerdal og Finn Hauge med dagens debutar for Lærdal.

