Grasrotandelen for

Det er nå samlet inn

10 245,-

med bidrag fra Grasrotandelen, tilskudd og andre gaver

Linker:

Oppretta 16.05.2010 av Arvid Vindedal.

Lærdal 4.div 2011

Av: | 17. October, 2011
Print
Her kjem ein oppsummering av Lærdal sine bragder i 4.div 2011.

I vinter var treningsforholda tøffe og me fekk ikkje trena ute før langt ute i mars. Då måtte me trena inne i Lærdalshallen i helgane fram til meg fekk sleppe til på kunstgrasbana. Me spela fire treningskampar før sesongen. Dessa enda slik.


Den fyrste utetreninga for sesongen. Spenstige forhold !!

Lærdal – Bjørn 2-2 (Ole Johnny Cirotzki Voll og Ole Johannes Thue Jerving)
Lærdal – Slidre Røn 2-2 (Øystein Lindesteg Rinde og Ole Johnny Cirotzki Voll)
Årdal – Lærdal 4-0
Lærdal – Årdal 2 8-0
(Joakim Moen 4, Øystein Lindesteg Rinde, Simen Øren Skjerping, Anders Hille Stadheim, Ole Johannes Thue Jerving)


Joakim skåra fire mål mot Årdal 2.

Oppsummering av seriekampane

søndag 17.04.2011

15:00

Eid 2

3 : 0

Lærdal

Eid idrettspark

Lærdal hadde før sesongen ein målsetjing om å overleve i 4.divisjon. Dette var me innstilt på å klare, sjølv om me visst det ville bli tøft. Seks nye lag kom ned frå 3.divisjon og nivået i 4.div skulle visst nok bli høgare. I starten på sesongen vart det ikkje mykje poeng på Lærdal. I den fyrste serierunden tapte me 3-0 borte mot nyopprykka Eid 2. Ein katastrofal serieopning i ein kamp me kanskje tok for lett på?

onsdag 20.04.2011

19:00

Lærdal

0 : 2

Kaupanger

I den andre serierunden tok me i mot seriefavoritt Kaupanger. Me la opp til ein defensiv taktikk i håp for å få poeng og satsa på overgangar. Men det enda med 0-2 tap.

lørdag 30.04.2011

15:00

Sandane

1 : 1

Lærdal

Idrettsplassen

Neste runde var på bortebane mot Sandane. Taktikken var den same som i kampen mot Kaupanger. Me lykkast betre, og fekk med oss eit poeng då Joakim Moen utlikna til 1-1 like før slutt.

fredag 06.05.2011

19:00

Lærdal

3 : 1

Høyang

Lærdal stadion

Høyang kom på besøk til Lærdal i den fjerde serierunden. Me vann ganske greitt 3-1 etter skåringar av Eirik Rode, Øystein Lindesteg Rinde og Sjur David Rio.

Eirik skåra sitt einaste mål for Lærdal mot Høyang. Han meldte overgang til Årdal FK i sommar.

mandag 16.05.2011

19:00

Veitastrond

6 : 0

Lærdal

Lærdal kom ned på jorda igjen i den femte serierunden. Ein tøff bortekamp mot Veitastrond enda med 6-0 tap for eit utruleg tafatt lærdalslag.

lørdag 21.05.2011

15:00

Lærdal

0 : 3

Vik

Lærdal stadion

I den sjette serierunden kom nok ein seriefavoritt til Lærdal. Lærdal var innstilt på ein tøff kamp og Vik vann 3-0. Lærdal forsvara seg godt, men hadde ingen ting å komma med offensivt.

Unggutta på Lærdal.

fredag 27.05.2011

19:00

Syril

1 : 1

Lærdal

Syril stadion

I runde sju skulle Lærdal møte tabelljumbo Syril i Leikanger. Igjen skuffa Lærdal på bortebane og kom heim med eit fattig poeng i ein 1-1 kamp. Kampen blir nok mest hugsa for Syril spelarane som måtte hentast med ambulansen etter ein nakkeskade. Kampen vart då utsett ein halvtime like etter Jan Andre Cirotzki Voll sin skåring.

Jan Andre skåra mot Syril.

lørdag 04.06.2011

16:00

Dale

6 : 0

Lærdal

Dingemoen stadion

Nok ein tøff bortekamp venta oss i runde åtte. Eit svekka lærdalslag reiste til Dale med to innbytarar pluss keepertrenar Robert Haugen på benken. Etter at me hadde brukt opp dei to byta tidleg i kampen, beit Haugen vekk det han hadde av negler av redsel for å måtte tre inn på bana. Det slapp han heldigvis for alle partar ! Lærdal tapte 6-0 mot eit godt Dale lag.

Robert er klar til kamp mot Dale ?

mandag 13.06.2011

19:00

Lærdal

2 : 2

Jølster

I runde ni kom Jølster til Lærdal. Kampen var jamn og enda 2-2, sjølv om me følte me hadde fortent tre poeng. Joakim Moen og Jan Andre Cirotzki Voll skåra mål for Lærdal.

Kristen i duell mot Jølster.

mandag 20.06.2011

19:00

Sogndal 2

3 : 2

Lærdal

Sognahallen

Sogndal 2 i Sognahallen stod for tur i runde ti. Noko som, i følgje dei sjølve, skulle vera enkel match for Sogndal 2. Sogndal 2 vann 3-2 etter at Lærdal hadde leda 1-2 etter skåringar av Kristen Rockland Aarethun og Andreas Natvik. To gåvepakker i andre omgang av Lærdal gav Sogndal sigeren.

Andreas skåra mot Sogndal 2.

mandag 27.06.2011

19:00

Lærdal

6 : 3

Førde 2

Lærdal stadion

I den ellevte serierunden og siste kampen før sommarferien kom Førde 2 på besøk. Me spelte ein god kamp og vann 6-3. Førde 2 fekk to mann utvisst, men klarde likevel å skåre tre mål. Øystein Lindesteg Rinde (2), Håvard Takle Sanden (2), Joakim Moen og Ole Johnny Cirotzki Voll skåra mål for Lærdal. Ein etterlengta opptur for Lærdal og det offensive spelet byrja å sitta i 4-5-1 formasjonen. Spesielt ei ny komponert høgresida med back Vidar Hille, indreløpar Andreas Natvik og høgrekant Ole Johnny Cirotzki Voll herja med Førde 2.

I løpet av sommaren gav Øystein Lindesteg Rinde seg som spelande trenar då han skulle flytta til Oslo. Per Einvald Aspevik og Robert Haugen tok over skuta. Men Øystein fortsette som spelar og var med på dei fleste kampane ut sesongen.


Øystein gav som spelande trenar i sommar.

søndag 31.07.2011

15:00

Lærdal

2 : 0

Eid 2

Lærdal stadion

Etter sommarferien kom Eid 2 til Lærdal i den tolvte serierunden. Dette var ein kamp me burde ta tre poeng. Det gjorde me oppskriftsmessig og det enda med 2-0 siger til Lærdal, noko som ikkje var eit mål for lite. Øystein Lindesteg Rinde og Ole Johnny Cirotzki Voll skåra måla for Lærdal.

Kaptein Øystein skåra igjen mot Eid 2.

lørdag 06.08.2011

15:00

Kaupanger

2 : 2

Lærdal

Kaupanger stadion

I runde tretten skulle me til skogs borte mot Kaupanger. Me tok ein tidleg leiing då Joakim Moen putta 0-1. Kaupanger kom tilbake og tok leiinga 2-1. På overtid skåra Kristen Rockland Aarethun frå midtbana etter eit langt frispark, då ballen spratt over Rune Loven i Kaupanger buret til 2-2. Eit sterkt bortepoeng og ein veldig god gjennomført kamp av Lærdal i ein solid 4-5-1 formasjon.

søndag 14.08.2011

15:00

Lærdal

1 : 0

Sandane

Lærdal stadion

Sandane kom til Lærdal i runde fjorten. Dette vart ein jamn og tett kamp, og Lærdal vann 1-0 etter nok ein skåring av midtstoppar Øystein Lindesteg Rinde.

Anders jagar ballen mot Sandane.

fredag 19.08.2011

19:00

Høyang

3 : 2

Lærdal

Sletta

I runde femten reiste me til Høyanger. Det enda med 3-2 tap etter at Lærdal slapp inn tre mål tidleg i fyrste omgang. Sjølv om me heva oss i andre omgang klarde me kun å skåra to mål. På slutten av kampen fekk me ein gedigen målsjanse då Ole Johnny Cirotzki Voll runda keeper, men sette ballen utanfor. Alt i alt eit skuffandes resultat av Lærdal. Ole Johnny Cirotzki Voll og Joakim Moen skåra måla for Lærdal.


Ole Johnny skåra eit mål, men kunne hatt eit til mot Høyang !

fredag 26.08.2011

18:00

Lærdal

1 : 1

Veitastrond

Lærdal stadion

I runde seksten kom Veitastrond til Lærdal. Veitastrond tok leiinga då Kurt Heggestad skåra frå midtbana. Lærdal pressa og pressa på og fekk betalt då Øystein Lindesteg Rinde utlika til 1-1 like før slutt. Fem avslutningar enda i metallet til Veitastrond, og utallige målsjansar vart redda på strek av Veitastrond eller satt utanfor av av Lærdal . Eit urettferdig resultat, men sånn er fotballen. Veitastrond var vertfall fornøgde med eit poeng.


Thomas Lunde i harde tak mot Veitastrond.

søndag 04.09.2011

15:00

Vik

5 : 1

Lærdal

Vik stadion

Ein tøff bortekamp mot Vik stod for tur i runde sytten. Lærdal spela ein god fyrste omgang og det stod 1-1 til pause etter skåring av Ole Johnny Cirotzki Voll. I andre omgang vart det tyngre for Lærdal og det enda med 5-1 tap.

Ole Johnny skåra mot Vik.

lørdag 10.09.2011

15:00

Lærdal

5 : 1

Syril

Lærdal stadion

I runde atten kom Syril til Lærdal. Me sende dei heim til Leikanger med 5-1 tap. Kristen Rockland Aarethun (3), Peder Lem og Joakim Moen skåra måla til Lærdal.

Kristen skåra tre mål mot Syril.

lørdag 17.09.2011

14:00

Lærdal

3 : 1

Dale

Lærdal stadion

Dale kom på besøk i runde nitten og Lærdal vann 3-1 i ein jamn kamp. Men Lærdal strekte det lengste strået. Joakim Moen, Sjur David Rio og Kristen Rockland Aarethun skåra måla for Lærdal.

lørdag 24.09.2011

16:00

Jølster

3 : 0

Lærdal

Skei stadion

I runde tjue stod ein bortekamp mot Jølster for tur. Kampen vart spela på tidenes mest gjørmete grasbane og det heile vart ein tung affære. Lærdal opptredde utan mål og meining og Jølster vann enkelt 3-0.

Pirri stod ein god kamp i mål mot Jølster. Verre med innsatsen til resten av laget.

mandag 03.10.2011

19:00

Lærdal

3 : 1

Sogndal 2

Lærdal stadion

Den siste heimekampen for sesongen stod for tur i den tjuefyrste serierunden og motstandar var Sogndal 2. Sogndal 2 tok leiinga 0-1 tidleg i fyrste omgang, og mange frykta nok eit stortap. Lærdal kom tilbake i kampen, og kontra Sogndal 2 i senk og vann 3-1. Ole Johnny Cirotzki Voll, Andreas Natvik og Peder Lem skåra måla for Lærdal. God innsats og lagmoral, blanda med bra kontringsspel fiksa ein storlaks !

søndag 09.10.2011

15:00

Førde 2

4 : 0

Lærdal

Førde stadion

Den siste serierunden enda med 4-0 tap borte mot Førde 2. Sju av dei som spelte mot Sogndal 2 var ikkje med og ein måtte hanka inn Finn Hauge (39) for å stilla lag. Men plassen i 4.div var redda for lengst, så tapet spela mindre rolle.

Oppsummert
Lærdal enda på ein åttandeplass, noko som for mange andre og kanskje oss sjølve var noko i overkant ut i frå føresetnadane. Men år etter år har me klart å pressa ut maks av det rådane materialet Lærdal fotball har tilgjengeleg. Rekruttering frå yngre rekker har absolutt vore ein viktig årsak til me har klart å halde laget i gang. Samtidig har verdien av å ha med rutinerte spelarar som bur utanbygds vore ein like sterk medverkande faktor. Utan desse to faktorane har me nok ikkje hatt grunnlag for å stille fotballag i Lærdal. Vertfall ikkje på eit slikt nivå at det er verdt å bruke mykje av fritida si på ! Alt i alt ein bra gjennomført sesong av Lærdal med ein fin gjeng fotballspelarar, trenarar og ikkje minst eit bra støtteapparat med Kjell Olav Bjørkum i spissen. Takk til publikum, sponsorar og andre som har stilt opp for oss i år !!

Toppskårar vart Joakim Moen (7), flest målgjevande Kristen Rockland Aarethun (10), flest kampar Ole Johnny Cirotzki Voll (22), flest gule kort Kim Robert Bjørkum (7) og 1 raudt kort kvar til Jan Andre Cirotzki Voll og Ole Johannes Thue Jerving.


Kim Robert klarte å få sju gule kort i løpet av sesongen.

Lærdal har brukt 32 spelarar på 22 kampar. Her er ein liten oversikt over kampar, mål, assist, gule og raude kort. 

Namn

Kampar

Mål

Assist

Gule kort

Raudt kort

Ole Johnny Cirotzki Voll

22

5

6

 

 

Jan Andre Cirotzki Voll

21

2

2

2

1

Øystein Lindesteg Rinde

20

6

1

4

 

Sjur David Rio

20

2

 

 

 

Kristen Rockland Aarethun

18

6

10

3

 

Simen Øren Skjerping

18

 

2

 

 

Kim Robert Bjørkum

17

 

1

7

 

Anders Hille Stadheim

17

 

 

 

 

Joakim Moen

16

7

1

3

 

Andreas Natvik

16

2

 

3

 

Øystein Aarethun Lysne

15

 

 

 

 

Per Jansen

14

 

2

1

 

Gøran Klingenberg

14

 

 

1

 

Per Einvald Aspevik

14

 

 

1

 

Vidar Hille

13

 

2

3

 

Thomas Lunde

9

 

1

1

 

Eirik Rode

7

1

 

 

 

Joar Offerdal Vatlestad

7

 

 

 

 

Espen Borlaug

6

 

 

 

 

Peder Lem

6

2

 

1

 

Brede Tokvam

5

 

 

 

 

Thomas Grøttebø

5

 

1

2

 

Jan Erik Fjellstad

4

 

 

 

 

Ole Johannes Thue Jerving

3

 

 

 

1

Håvard Takle Sanden

3

2

 

 

 

Aleksander Høydal

3

 

 

 

 

Anders Veum

3

 

 

 

 

Karl Edvin Lysne

2

 

 

 

 

Sindre Rode

2

 

 

 

 

Aleksander Offerdal

1

 

 

 

 

Finn Hauge

1

 

 

 

 

Ove Kristian Lysne

1

 

 

 

 

 

35

29

32

2

 Tabell

-Øystein Lindesteg Rinde-
         17.10.2011




Tilbake