Grasrotandelen for

Det er nå samlet inn

10 245,-

med bidrag fra Grasrotandelen, tilskudd og andre gaver

Linker:

Oppretta 16.05.2010 av Arvid Vindedal.

Lærdal - Veitastrond

Av: | 27. August, 2011
Print
Lærdal spela 1-1 heime mot Veitastrond, i ein kamp som vil stå i historiebøkenen som ein av tidenes mest urettferdige resultat. Fenomenet Øystein Lindesteg Rinde skåra nok ein gong for Lærdal, men det hjalp så lite.

Fyrste omgang

Kampen starta famlande, men etter ca.kvarteret begynnar me å få overtaket i kampen. Den første store sjansen kjem når Kim skyt i tverrliggaren i det 18. minutt. Ting ser no ut til å gå riktig bra for oss, eit par minuttar etter den første sjansen skyt Thomas, keeper klarar ikkje å holda men dessverre treff er ikkje Joakim på returen. Etter 25-26 minuttar er det Ole Johnny som får sjansen, først skyt han like over og så tverrliggar minuttet etterpå. Mek øyrer over Strondi no. 27 minuttar og Kristen spelar gjennom Joakim ikkje heilt får klem på avsluttninga. Minuttet etter dette blir Kristen spelt inn på 7-8 meter etter eit godt utført frisparktrekk men bles ballen langt over.

Øystein pådrar seg eit litt billig gult kort etter 32 minuttar, og må dermed stå over mot Vik neste helg. Like etter dette held Joakim på å sparka hovudet av ein motspelar som av ein eller
annan grunn prøver på ein stupheading i eige felt. Han endar opp med ein stor kul og må av bana.Like etter byte skaper Strondi sin einaste sjanse etter spausen Frode Kvam kjem plutseleg åleina med Pirri, men er litt hard på labben og Pirri snappar ballen. Mot slutten av omgangen mistar me ein del av trykket, og greier diverre berre å gå til pause med 0-0.

Andre omgang

Andre omgangen er diverre ikkje like godt nedtegna som den fyrste då min eminente refferent frå den omgangen Anders Hille Stadheim måtte setjast i oppvarming. Me må likevel ta høgdepunkta. Me startar med å trykke Strondi bakpå igjen, men etter 5 minuttar viser Kurt Heggestad eit
lite snev av magi og som med all anna magi trudde vel ingen det dei såg når ha klemde til frå midtbana etter at me hadde rota litt i eige forsvar. Pirri var ikkje attende i målet og ballen gikk inn. Kanskje ein av tidenes minst fortjente leiingar på Lærdal stadion. Etter 13 minuttar må Sjur og Kim ut og Anders og Simen kjem inn. Etter 17 minuttar viser Joar til fulle at eit par fadderveker i Bergen ikkje er verdas beste opplading til kamp når han må ut med krampe. Gøran kjem inn og tek plassen hans.

No køyrer me kampen og i løpet av denne omgangen har me 3 skot i metallet og 2-3 bom på meir eller mindre åpent mål. Etter 29 minuttar set me inn Thomas Grøttebø for Joakim. Og etter 43 minuttar greier me endeleg å få hol på byllen. Ole Johnny kjem seg fri på
venstre og serverar Øystein som headar inn 1-1. Me køyrer på men kampen ebbar ut med 1-1 fire min på overtid. Eit ran som til samanlikning faktisk får vårt poeng borte mot Kaupanger til å framstå som særs fortjent.     


Midstoppar Øystein skåra nok eit mål i dag.

Kampfakta:
Lærdal – Veitastrond 1-1 (0-0)

0-1 Kurt Heggestad (50.min)

1-1 Øystein Lindesteg Rinde (88.min)

Laget: Pirri Aspevik, Sjur David Rio (58.min, Anders Hille Stadheim), Jan Andre Cirotzki Voll, Øystein Lindesteg Rinde, Joar Offerdal Vatlestad (62.min, Gøran Klingenberg), Ole Johnny Cirotzki
Voll, Andreas Natvik, Thomas Lunde, Kristen Rockland Aarethun, Kim Robert Bjørkum (58.min, Simen Skjerping), Joakim Moen (74.min, Thomas Grøttebø).

Gult kort: Øystein Lindesteg Rinde (Lærdal). Øivind Heggestad Nes (Veitastrond)

Dommar:Dan Kåre Esp + AD. (Dømmer godt, men tilet Veitastrond å dra ut tida
igjennom heile kampen, noko som irriterar både publikum, støtteapperat og
spelarar frå Lærdal grenselaust).



Tilbake