Lærdal - Syril
Dette var
ein vinn eller forsvinn kamp med tanke på muligheiten for å overleva i
divisjonen, og me gikk ut med samme formasjon som mot vik. Andreas tek
rollen som forfattar av dette referatet. Han starta ikkje kampen av di han hadde
vore vel ivrig i nokre gymtimar på skulen. I byrjinga av kampen er det ikkje
mykje som skjer, og etter 7 minuttar kan vår eminente referent melde at ein
flott sommarfugl flyg forbi. Etter 11 minuttar skaper me vår første farlige
sjanse når Kim skjer gjennom og set ballen utanfor mål. Minuttet etter spår
Joakim at dette snart løysnar for oss, og ganske riktig. Vidar og Kristen med
ein fiks cornervariant som Kristen set i mål. 1-0. Etter 15 minuttar er det på
nytt farlig framfor Syril-buret, men Øystein Lindesteg set ballen utanfor. No
byrjar det og å bli litt liv i dei som sit bak meg, og Andreas kan etter 17
minuttar beretta at det vert sagt mykje dumt på benken. Etter 18 minuttar er
Syril frampå for første gang, dette endar opp i ein corner men ikkje spesielt
farlig. Dei bit seg derimot fast, og neste mogelegheit smell i tverrliggaren,
skal Syril komma inn at i kampen. På benken vert det no meir drama når dagens
assistenttrenar Thomas Grøttebø med eit meddeler at han må vekk i 15 minuttar.
Vår nye journalistspire observerar at han deretter hoppar inn i ein ukjent grøn
bil. Mystisk……. 25 minuttar har gått og spørsmålet melder seg, kvifor ledar me
berre 1-0. Svaret frå Simen er like enkelt som det er genialt, fordi me berre
har scora eit mål. 37 minuttar har gått før det er noko meir å melda frå bana,
Thomas Lunde får gult kort etter å ha vore litt sein i ei tackling. I kampens
39. minutt doblar me leiinga, Kristen fyrer eit frispark rett i mål. Men kor
lenge var vel Adam i paradis, 41 minuttar har gått når me søv litt i fleire
ledd, og Sondre Husabø kan lobbe inn 2-1 over ein offensiv Per Einvald. Etter
dette tek me heldigvis tak i kampen att, og etter 43 minuttar krossar me ballen
til Øystein Lysne på bakerste som sler ballen inn at. Der ventar storscorar, og
navnebror Lindesteg og bommar på ballen. Til og med assistentdommar Håre er
imponert over at me ikkje scorar der. Me held oss framme i bana, og set inn 3-1
rett etterpå når Vidar sler til Peder som i sin heimedebut bankar ballen i
nærmaste kryss.
Som vanlig har eg sendt spelarane i oppvarming i 2. omgang,
so det er litt mindre detaljar kring referatet frå no av. Me forventar at
Andreas føl opp Grøttebø-saken, og finn ut kva som verkeleg skjedde desse
dramatiske 15 minuttane av 1. omgang. Denne omgangen starta som den første, ein
del brukbart spel, men utan dei store sjansane. Etter 8 minuttar set me inn
Joakim for Jan Andre, og etter 14 minuttar kjem Simen inn for Peder. 15
minuttar er gått når hat-tricket til Kristen er eit faktum, nytt frispark rett
i mål. Syril har og eit par småfarlige sjansar no, og me tek foten litt av
gassen ei stund. Me set inn Sjur David for ein utmatta Øystein Lysne etter
kring 20 minuttar. Etter 21 minuttar vert Kim avblåst for offside, og svarar
med å blåsa ballen ut av bana, gult kort. Dette gjer at det no ikkje er nokon
som kan ta han att i kampen om flest gule kort. Med 4 kampar igjen har han 7
gule, medan nestemann på lista har 3. No er det ein periode med stor
lærdal-dominans. Vårt siste byte kjem etter 33 minuttar når Andreas Kjem inn
for Kim. Joakim har no vore farlig frampå nokre gonger, og etter 36 minuttar
losna det, Ole sler ein ball vidare og Joakim set den sikkert i mål. No er det litt kosespel, og einaste
dramatikken er eit gult kort til Joakim og ein diskusjon mellom meg og Vidar om
kor vidt me skal satsa litt meir offensivt i slutten av kampen. Det endar 5-1.
Tre viktige poeng og nokre plussmål som kan bli særs viktige når oppgjørets
time kjem.
Lærdal - Syril 5-1 (3-1)
1-0 Kristen Rockland Aarethun (12.min)
2-0 Kristen Rockland Aarethun (39.min)
2-1 Sondre Husabø (41.min)
3-1 Peder Lem (44.min)
4-1 Kristen Rockland Aarethun (60.min)
5-1 Joakim Moen (81.min)
Gult kort: Joakim Moen, Kim Robert Bjørkum og Thomas Lunde.
Laget (3-5-2)
Per Einvald – Vidar, Anders, Øystein Lindesteg – Øystein Lysne (Sjur i 25),
Kristen, Ole johnny, Thomas Lunde, Kim (Andreas i 12) – Peder (Simen i 31), Jan
Andre (Joakim i 37). Ubenytta reserve
Gøran.
© Lærdal IL Robert Haugen

