Lærdal - Sogndal 2 3-1
Plassen i divisjonen var sikra, og kampen mot Sogndal sine
nest beste var ein kamp der me ikkje hadde noko å tapa. Sogndal hadde nok
planar om å vinna denne kampen, og dei køyrde på i eit forrykande tempo frå
start. Me klarar å halde dei frå livet i 8 minuttar, men då glepp det. Ein ball
blir tredd gjennom til høgrekanten deira som sikkert set ballen i mål. Etter dette vert me jagande, og slit med å gjera konstruktive ting med ballen. Det som vert skapt er det Ole og Simen som står
for, og ved eit par høve kjem me oss nesten gjennom. Sogndal har ballen mykje,
men kjem ikkje til dei heilt store sjansane. Pirri står og tek det vesle som
kjem.

2. omgang vert langt meir begivenheitsrik sjølv om det
einaste som skjedde dei første ti minuttane var eit frispark som Kristen hamra
i muren. Etter 10 minuttar kjem Andreas inn for Sjur David som har sprunge seg
heilt tom. Etter 12 minuttar kjem Sogndal til avslutning men Pirri reddar
meisterleg. Etter snaut kvarteret kjem Andreas seg fri, men han får ikkje
avslutta ordentlig. Noko å juble for vart det ikkje før etter 19 minuttar,
Øystein taklar ballen langt fram i bana og ein sogndalforsvarar forærer denne
til Ole Johnny som spring frå han og set ballen sikkert i mål til 1-1. No bølgjer
spelet meir, og me slepp oss litt lenger opp i bana. Sogndal er nær ved å
utnytte dette, men Pirri og tverrliggaren er i vegen kvar sin gang. Etter 25
minuttar ser det og ut som om Øystein må forlate bana med ein kneskade, men han
bit tennene saman og går utpå igjen. ”Ryk det so ryk det”.

Etter 31 minuttar har Simen krampe etter mange tunge løp og
Peder kjem inn. Han går rett i krigen, og etter 30 sekundar blir han beløna med
gult kort for ei stempling. Merkeleg at dette var gult når Sogndal ikkje fekk
det på ein tilsvarande situasjon 10 minuttar før, her meinar eg at kampens
elles veldig gode dommar kunne latt kortet ligga i lomma. Etter eksploderar
Lærdal stadion, Kristen slår ballen langt opp i feltet og Andreas snik seg inn
og løftar ballen vakkert over keeper. No sender Sogndal alt framover, og etter
berre to minuttar utnyttar me dette. Peder vinn ein klarering frå Thomas og slit
seg laus, og med ein forsvarsspelar som ryggsekk set han inn 3-1 under keeper.
Fantastisk!! Etter 40 set me inn Aleksander for Per. 42 minuttar og Sogndal får
frispark, men Pirri vartar opp med ei TV-redning. Ikkje so nøye å holda ballen
so lenge det man gjer ser bra ut, og på 3-1 er dette lov. Etter 44 minuttar
kjem Gøran inn for Kristen.

Kampen ebbar ut med 3-1, og muligens den mest fantastiske
sigeren me har hatt. Spesielt tenkjer eg på det som Sil2 sin trenar sa
tidligare i sesongen om at dei trengde a-lagsspelarar for å slå topplaga, men
mot lag som Lærdal vann dei likevel. I Noreg har me eit ordtak som heiter ”hovmod
står for fall” Lær deg dette gut!
Mål: Lærdal – Sogndal 2 3-1 (0-1)
0-1 Sogndal (8.min)
1-1 Ole Johnny C. Voll (64.min)
2-1 Andreas Natvik (77.min)
3-1 Peder Lem (79.min)
Gult kort: Peder Lem
Laget (4-4-2): Per E. Aspevik – Jan A. C. Voll, Anders H.
Stadheim, Øystein L. Rinde, Kim R. S. Bjørkum – Per Jansen (Aleksander Høydal
fra 85), Thomas Lunde, Sjur D. Rio (Andreas Natvik fra 55), Kristen R. Aarethun
(Gøran Klingenberg fra 89) – Ole J. C. Voll, Simen S. Øren (Peder Lem fra 76).

