Lærdal - Sandane
Lærdal mønstrar eit lag som lignar veldig
på laget som tok poeng på Kaupanger. Joar var ikkje tilgjengelig, og Kim Robert
attende frå karantene kom inn der. Per slit framleis med strekken frå sist kamp
og vart erstatta av Vidar. Veldig positivt er det og at Thomas Lunde er tilbake
på benken etter å ha vore lenge ute med skade. Etter ein god start på hausten
hadde me tru på siger i dag. Sandane klarte uavgjort mot serieleiar Vik i sist
runde so me visste at me måtte slåss for poenga.
Første omgang startar med eit kvarters
stillingskrig der det ikkje vart produsert dei heilt store sjansane. Etter 17
minuttar kjem kampens første ordentlige sjanse, og den er til gjengjeld
kjempestor. Joakim går på eit løp og blir spelt gjennom, han kjem seg fri og
får avslutta men keeperen til Sandane gjer ein god redning. Eit par minuttar
etterpå er det og like før me får kriga ein corner i mål. Like før dette har
Lynet sett seg på benken, og etter 23 minuttar konkluderar han med at ”no har
me dei”. Dette tek han sjølvsagt skulda for med sin inntreden på benken. Etter
25 minuttar er det like før han må eta i seg dei orda då Sandane etter ein
corner avsluttar på bakerste der Sjur David leverar ein akrobatisk klarering.
Etter 35 minuttar får Andreas ein smell i hovudet og blodet renn. På spørsmålet
mitt om han greide å fortsetja fekk eg til svar medan han turka blod frå ansiktet
at ”Eg ska innpao atte!” Dette er ei innstilling som me set pris på. Etter 42
minuttar losna det endelig, ein corner vert slått inn i feltet og Jan Andre
vinn duellen, heddinga går via keeper og Øystein er der og set inn nok eit mål.
Like før pause har Kristen ein god sjanse til å gjera vårt andre mål, men 1-0
til pause er greit.

Øystein skåra sitt femte mål for sesongen mot Sandane.
I pausen fokuserar me veldig på å tetta
romma mellom lagdelene for å hindra Sandane å komma inn at i kampen. Dette
gjorde me veldig bra heilt frå starten av andre omgang, Sandane kaurde voldsomt
på, men utan å skapa veldig mykje. Det som kom inn i feltet vårt vart teke hand
om av ein veldig aktiv Per Einvald i målet. Etter 15 minutter får Kim Robert
gult kort når han kjem litt seint inn i ein tackling. Etter 17 minuttar er det
duka for comeback for Thomas Lunde når han kjem innpå for Simen. Etter 25
minuttar finn han ut at det er på tide å presentere seg, han får ballen på
midtbana og glir forbi 3-4 Sandanespelarar og skyt mot lengste, men ein veldig
god redning hindrar eit fantastisk mål. Etter 30 minuttar blir Joakim spelt
gjennom og han blir hindra når han er heilt gjennom. Me ventar på frispark og
muligens det raude kortet til Sandane sin midtstoppar, men av ein eller annan
grunn vert det frispark mot Joakim. Etter 31 minuttar Går Joakim ut og vert
erstatta av Tomas Grøttebø. Etter 37 minuttar vert Jan Andre skada, og Gøran
vert satt inn på bana. Jan Andre med sin beste kamp for sesongen. Etter 41
minuttar og eit par elegante saksetacklingar vert Thomas Grøttebø vist det gule
kortet. Etter 43 minuttar byter me og inn Anders for Kristen, og i det me
førebur bytet får Vidar gult kort, visst nok for munnbruk. Me rir i land
sigeren, og har fått ein veldig god start på haustsessongen. Me jobbar Sandane
ut av stilen, og er farlige offensivt.
Kampfakta:
Lærdal – Sandane 1-0 (1-0)
1-0 Øystein Lindesteg Rinde (42.min)
Lærdal: Per Aspevik, Sjur David Rio,Øystein Lindesteg Rinde, Jan Andre C. Voll (82.min, Gøran Klingenberg), Kim Robert Bjørkum, Ole Johnny C. Voll, Vidar Hille, Kristen R. Aarethun (88 min,
Anders Hille Stadheim), Simen Skjerping (62.min, Thomas Lunde), Joakim Moen (76.min, Thomas Grøttebø)
Ubenytta reserve: Øystein Aarethun Lysne.
Gult kort: Kim Robert Bjørkum, Vidar Hille, Thomas Grøttebø.

