Lærdal - Eid 2
Fyrste omgang
Framfor denne kampen hadde me i trenarteamet eit luksusproblem, det var rett og slett veldig mange gode spelarar som var tilgjengelige. Sidan siste kampen før ferien var veldig bra valte me å starta med eit lag som var so likt det som mogeleg. Starten på kampen var og veldig bra frå vår side. Me styrte banespelet, og Eid hadde meir en nok med å reinska unna. Etter 8 minuttar sto det 1-0, Kristen la ein ikkje alt for bra corner som vart klarert til Jan Andre som heada mot mål og der kom Øystein og fekk dytta den siste millimeterane over streken. Om dette strengt tatt var nødvendig for at ballen skulle gå inn skal vera usagt, men uansett nytt mål til lagets nye målkonge. Etter målet skapte me fleire store sjansar, både Joakim og Øystein er nær nettkjenning men den siste finishen mangla.
Etter 24 minuttar pådrar Andreas seg eit unødvendig gult kort for å kjefta på dommaren når han får frispark mot seg. Etter 36 minuttar er det duka for straffe til Lærdal, Kim set fart gjennom forsvaret og blir klipt ned. Andreas legg ballen på 11-meteren og set den i stolpen, eg har blitt sitert på det før og eg seier det igjen straffe er å sjå på som ein halvsjanse for Lærdal. Etter 39 minuttar får me indirekte frispark på 5 meter, ein eidspelar sler ballen inn til keeper som har all verdens tid men som av ein eller annan grunn tek ballen opp i hendene. Heller ikkje denne sjansen greier me å ta vare på, so omgangen ebbar ut med 1-0 leiing. Me kan sei oss særs nøygd med spelet i denne omgangen, me ser at mykje av det me trenar på inn mot kamp og me skaper mange farlege situasjonar i og rundt 16-meteren til Eidarane. Ellers er strukturen bakover utruleg bra, og motstandaren kjem knapt nok til ein einaste sjanse.
Andre omgang
Når me startar 2. omgang set me inn Simen for Joar, og justerar litt på venstresida. Når eg seier startar var vel det å ta litt hardt i, for det var Eid 2 som plutseleg hadde funne ut at dei ville vera med å spela fotball og. Dei første 10-15 minuttane av omgangen vart me regelrett overkøyrt ute på bana, men utan at Eid skapar dei heilt store sjansane. Det einaste me skapar denne perioden er eit par overgangar som aldri blir spesielt farlige. Kim Robert pådreg seg eit gult kort etter 9 minuttar, og mistar dermed bortekampen mot Kaupanger med karantene.
Etter 10 minuttar set me inn Øystein Aa. Lysne for Joakim. Etter knapt 20 minuttar begynnar me å koma til hektene att, og då begynnar og sjansane å koma. Etter 21 minuttar driblar Andreas seg inn i boksen, men får ballen litt for langt framfor seg når han skal avslutta. Etter 26 minuttar må Andreas ut, og me set inn Sjur David og legg om til ein 4-4-2 formasjon. Dette tek litt piffen frå Eid, og me tek meir og meir over banespelet at. Etter 36 minuttar får me endeleg avgjort kampen, Kristen trer ballen gjennom til Ole Johnny som set den sikkert i mål til 2-0. Etter 40 minuttar gjer me vårt siste byte når Anders kjem inn for Per. I slutten av omgangen har me fleire brukbare mogelegheiter, men kampen endar 2-0 ein viktig seier i botnstriden. Laget skal ha mykje skryt for det dei presterar i dag, ein god 1. omgang og ein 2. omgang der me greier å ri av ein voldsam offensiv frå gjestene for så å koma attende og styra inn ein grei siger. Nokre småting er det å retta på, men me føler at me har fått ein god start på haustsesongen.
Kampfakta: Lærdal – Eid 2 2-0 (1-0)
1-0 Øystein Lindesteg Rinde (8.min)
2-0 Ole Johnny Cirotzki Voll (81.min)
Dommar: Yngve Haakonsen, AD Eirik Hove og Jarle Andersen.
Lærdal (4-5-1)
Per Einvald – Vidar, Jan Andre, Øystein L. R., Joar V,(Simen frå 46 min) – Ole Johnny, Andreas (Sjur David frå 71 min), Per (Anders frå 85 min), Kristen, Kim – Joakim (Øystein Aa. L. frå 54 min). Ubenytta reservar: Eirik og Gøran.
Gule kort: Andreas Natvik og Kim Robert Bjørkum.
Eid:
Roy Lasse Torheim, Øyvind Strøm, Kim Svarstad, Thorbjørn Myklebust, Ole Andreas Aarvik, Vebjørn, Nord Haugland, Elias Lund Johansen, Håvard Bruvoll, Bengt Kongsvoll, Erik Rotihaug , Jonas Rye Tvendeseter
Benken
Vegard Øien
Eivind Skrede
Ole Bjarte Taklo (ubenytta)

