Lærdal - Dale
Denne kampen var veldig viktig å ta poeng i for å holde Høyang fra livet i kampen for
å unngå nedrykk, og det virka som om spelarane var litt prega av alvoret til å
begynna med. Etter drygt 6 minutt får me vår første sjanse når Andreas legg inn
til Joakim som headar rett på keeper. Etter 11 minuttar vender Joakim seg fri i
feltet og avsluttar like utanfor og etter 20 minuttar er det Kristen som fyrer
av fra 20 meter og treff keeper. Me er farlige når me greier å få samhandling,
men i denne perioden skjer det dessverre litt for sjelden. Etter 25 minuttar
får Andreas gult kort, etter 2-3 særs billige frispark mot seg hoppar han opp
og gaular hææææ. Dette var visst nok til å få gult, skjønn det den som kan.
Etter 32 minuttar får Dale sin farligaste sjanse i den første omgangen, eit
frispark går over muren men Per Einvald reddar. Me prøver å få laget
meir opp på bana, og akkurat i det me står og kjeftar bles Andreas eit skudd
like utanfor. No føl ein periode der dommaren har fløyta i munnen i om lag 10
minuttar i strekk, og det er praktisk talt umogeleg for nokre av laga å få til
noko spel. Eit farlig frispark frå Kristen etter 40 og eit ufarlig frå Dale
etter 43 var det einaste som skjedde før han bles til pause.

Sjur David Rio kom inn i andre omgang å skåra eit mål.
I pausen la me litt om på formasjonen, og prøvde å få spelarane til å jobba meir som eit lag. Dette betalte seg allereie etter 3 minuttar når Joakim set inn 1-0 etter eit flott samspel med spisskollega Ole Johnny. Etter 7 minuttar kjem Sjur David inn for Peder, og det tek berre 7
minuttar før han markerar seg. Joakim får ballen inn framfor mål, og Sjur David
krigar inn 2-0. Etter 17 minuttar er det duka for 3-0. Innbytar Joar gir
Kristen beskjed om å skru ein corner i mål frå oppvarmingsfeltet. Kristen gjer
akkurat dette, med noko hjelp frå medvinden men like vel ein god prestasjon. No
har han tatt igjen Øystein på toppscorarlista. Etter 21 minuttar er det duka
for litt dramatikk på Lærdal stadion, Kristen får ballen og ein dale-spelar
stuper i han so ballen går ut. Dommaren gir kast, heilt fantastisk. 2 minuttar
seinare vinn Kristen ballen, og ein dalespelar kjem først med ein ettersleng
før han sler Kristen. Dette er visst nok gult kort til begge spelarane i følgje
dagens dommar. Her har han og ein assistentdommar som har panoramautsikt over
situasjonen som han vel å ikkje konsultera. Etter 30 minuttar har Kristen fått
nok juling, og må av bana. Gøran kjem inn. Me byrjar å trygge leiinga inn no.
Thomas Grøttebø kjem inn for Joakim i det 35 minutt. Etter 36 minuttar scorar
Dale, blir kanskje litt lite fokus bakover no, so etter 40 minuttar set me inn
Joar for Andreas. Like før slutt presterar nok hr. Grøttebø tidenes høgaste
skot mot mål på Lærdal stadion, ein dalespelar svarar med litt hånleg klapping.
Bør vel treffa målet av og til sjølv før man begynnar å håna andre? Me dreg i
land 3-1 og særs viktige poeng. Laget viser utruleg moral, og reiser seg etter
ein middels første omgang.

Vidar Hille spela ein god kamp for Lærdal i dag.
Lærdal – Dale 3-1 (0-0)
1-0 Joakim Moen (48)
2-0 Sjur David Rio (59)
3-0 Kristen R. Aarethun (62)
3-1 Dale (81)
Gule
kort: Andreas og Kristen.
Laget:
(3-5-2) Per Einvald Aspevik – Vidar Hille, Anders H. Stadheim, Øystein L. Rinde
– Jan Andre C. Voll, Andreas Natvik (Joar Vatlestad frå 85), Thomas Lunde,
Kristen R. Aarethun (Gøran Klingenberg frå 75), Peder Lem (Sjur David Rio frå
52) – Joakim Moen (Thomas Grøttebø frå 80), Ole Johnny C. Voll.

