Kaupanger – Lærdal 2-2
Kaupanger sette i gang med eit enormt trykk, og etter knappe to minuttar small det i aluminiumen bak Per Einvald. Det var tydelig at me hadde startvanskar, det positive var at me ikkje tapte ein einaste duell, det negativa var at dette skuldast at me ikkje gikk i ein einaste duell. Me kom heldigvis til hektene, og etter 7 minuttar får me utteljing på ein av tinga me snakka om før kampen. Ole får ballen og sler hurtig inn bak forsvaret til Kaupanger, der kjem Joakim seg fri og set inn 0-1. Mot spelets gang kan man sei, og enkelte vil nok gå so langt som til å kalle det ufortent men slik er noe in gang fotball. Etter målet begynnar me verkeleg å finne formasjonane, spelet bølgja meir fram og tilbake no og begge lag kjem til ein del sjansar. Me kan vel og vera so ærlege som å sei at Kaupanger hadde dei fleste av desse sjansane, men Joakim var berre ei lang kaupangertå unna å bli tomålscorar då eit innlegg nesten gikk gjennom heile feltet midt i omgangen. Etter 25 minuttar måtte me foreta vårt første byte, Per gjorde forsøk på nokre kunstnariske c-moment med innlagt spagat noko baksida av låret hans ikkje var heilt klar for. Det at byte skjedde etter 25 minuttar er og ei sanning med visse modifikasjonar då Brede måtte installera ymse remediar før han kunne entra bana, dette til stor frustrasjon frå dei som var att der inne. Etter 32 minuttar skjedde det som vel måtte skje, Sindre Røyrvik utlikna til 1-1, og då fekk Kaupanger blod på tann, dei pressa på men med rir det av og gikk til pause med 1-1 noko me var særs nøgde med.

Joakim Moen gav Lærdal leiinga 0-1.
I andre omgang var me med på notane frå starten, men også no var Kaupanger i førarsetet. Det var ikkje mange store sjansar i denne perioden. Etter 15 minuttar tek kreftene til Simen slutt, og han må ut. Øystein Aa. Lysne kjem inn. Etter 25 minuttar er det duka for 2-1 til Kaupanger, dei kjem seg rundt på høgre, og framfor mål ventar Kristian Opseth og set ballen enkelt i mål. Etter dette får me litt meir energi og greier å mobilisera ein del brukbare angrep utan at nokon av dei blir veldig farlige. Sjur David som var småskada før kampen måtte takke for seg etter 32 minuttar og Gøran kom inn. Veldig god kamp av Sjur David i uvant rolle mot eit veldig godt lag. Kaupanger har begynt å sikra sigeren no, og det er vanskeleg å skape noko særleg på dei. Etter 42 minuttar vert derfor Joakim bytta ut og Ove Kristian kjem inn på topp som oppspelspunkt og me legg om til 4-4-2. Etter 46 minuttar skjer det som ingen på stadion hadde rekna med, Lærdal utliknar! Me får eit frispark inne på eigen halvdel som Kristen sler heilt opp i Kaupanger sitt felt Ove Kristian og Jan er på veg inn i duellen, men av ein eller annan grunn kjem verken dei eller motspelarane fram til ballen som sprett over Rune Loven, som sjølvsagt ventar avslutning på fremste stolpe, og inn i motsatt hjørne. 2-2 og Lærdal har fått med seg poeng frå Kaupanger. Fantastisk!
I dag får me verkeleg att for det me driv med på treningsfeltet mange ganger i veka, laget fungerar som ein einheit og jobbar for kvarandre. Me er og gode i omstillingane, og let ikkje Kaupanger få veldig mange gode overgangar slik me i periodar tillot Eid sist helg. Dette gjer at me kan reise heim etter møte med serietoeren med poeng i bagasjen.

Kristen Rockland Aarethun skåra frå 50 meter.
Kampfakta: Kaupanger – Lærdal 2-2 (1-1)
0-1 Joakim Moen (7.min)
1-1 Sindre Røyrvik (32.min)
2-1 Kristian Opseth (60.min)
2-2 Kristen Rocklan Aarethun (90+1)
Lærdal (4-5-1) Per Einvald Aspevik, Sjur David Rio (77.min, Gøran Klingenberg), Øystein Lindesteg Rinde, Jan Andre Cirotzki Voll, Joar Offerdal Vatlestad, Ole Johnny Cirotzki Voll, Per Jansen (25.min, Brede Tokvam), Kristen Rockland Aarethun, Andreas Natvik, Simen Skjerping (60.min, Øystein Aarethun Lysne), Joakim Moen (87.min, Ove Kristian Lysne)

