Jølster - Lærdal
Etter den gode kampen sist helg hadde me håpa å få med oss noko frå denne kampen og, men den gang ei. Me kom opp til Skei i god tid, og gikk ut for å sjå på bana. Denne viste seg å vera særs våt, dette skulle visa seg å verta eit stort problem utover i kampen. Grunna suspensjonar måtte me nok ein gang rokere ein del i laget, og allereie i starten av kampen såg me at samhandlinga i midtbaneleddet ikkje var den same som sist. Referat er denne gangen skrive etter notat av Jan Geir Solheim. Jølster starta klart best, og me kan takka ein særs opplagt keeper for at me reid av dei første ti minuttane. Per Einvald hadde mellom anna ein fantomredning når Jølster etter 8 minuttar fekk skote upressa frå 17-18 meter. Dei første 25 minuttane var i det store og heile einvegskøyring mot målet vårt. Etter 26 minuttar skaper me det første som kan minna om ein sjanse, Kim og Ole spelar seg fint fram men vert stoppa. Me føl opp med eit farlig frispark som vert heada rett på keeper. Dette vil ikkje Jølster vera bekjent av, og set i gang ein motoffensiv som i løpet av eit par minuttar resulterar i eit blokkert skot, og eit skot i stolpen heilt oppe ved krysset. Etter 33 minuttar er me nær ved å ta ei særs ufortent leiing når Jan fyrer av frå distanse. Keeper må slå til corner. Denne er og småfarlig, men keeper får boksa ut. Me får ytterligare to cornerar i slutten av omgangen utan at dette fører til dei store sjansane. Me greier å ri av ein omgang der Jølster er litt betre en oss på det meste. Bana har etter kvart vorte til ei myr, og me prøver likevel å spela ball og kontrollere den. Dette er umogeleg, og det viser seg at Jølster med sin direkte spelestil med få, og lange pasningar er langt meir effektiv.

Pirri hadde mykje å henga fingrane i mot Jølster.
Kim har fått ein smell i slutten av første omgang, og Peder kjem derfor inn med ein gang i andre omgang. I kampen sitt første angrep går Jølster opp til 1-0. Eit frispark frå 20 meter vert slått inn framfor mål, og etter klabb og babb i feltet får dei sett ballen i nota. Dette er dårlig av oss, då me har 2-3 mogelegheiter til å klarere og i staden ser ut til å prøva å få kontroll på ballen i eigen 5-meter. Me vaknar litt etter dette, og skaper nokre farlegheiter ved mellom anna ein corner og eit frispark i god posisjon. Etter 9 minuttar vert me etter min oppfatning snytt for eit indirekte frispark når Jølster sin gode midtstoppar lempar ballen opp i retning keeper, og denne tek ballen med nevane. Etter 9 minuttar kjem joakim seg fri etter eit langt løp, men det vert klarert til corner. På overgangen etter denne corneren vert det derimot mål. Jølster spelar nok ein gang langt opp i bana, og me prøver nok ein gong å få kontroll i staden for å klarere. På det som no må kunne betegnast som ein potetåker viser dette seg å vera dumt, og Jølsterspissen får plutseleg ballen i beina og kan enkelt setja inn 2-0. Same spelar vert flikka gjennom 2 minuttar seinare, han er 4-5 meter framfor forsvaret, men får likevel gå og setja inn 3-0. Var ikkje dette offside da? Etter dette slepp Jølster oss litt meir inn i kampen, og me skaper nokre halvsjansar. Både ei heading frå Øystein og eit skot frå Simen vert enkelt for jølstrakeeperen. Etter 22 minuttar må Peder av bana at, han har vore småsjuk og det hjalp ikkje på at han fekk ein liten strekk i den førte involveringa si etter at han kom inn. Per kjem inn, og gjer comeback etter skaden han fekk borte mot Kaupanger. Like etter sler Vidar eit innlegg som for oss på benken ser ut som det treff armen til ein Jølstring, har kan det faktisk hende at dommaren som sto langt nærmare hadde rett når han lot spelet gå. Me bryt nok ein gang, og Simen kjem gjennom på venstre men hamrar ballen utanfor mål. Etter 26 minuttar får me vår største sjanse i kampen når Thomas Grøttebø dreg seg fri på 35 meter og bankar ballen mot mål, Jølstrakeeperen står lagt ute, men kjem seg attende og fistar ballen over tverrliggaren. Den påfølgande corneren headar Øystein utanfor. Etter halvtimen må Simen gi seg etter mange tunge løp, og Aleksander Høydal kjem inn. Etter 35 minuttar Kjem Gøran inn for Thomas Grøttebø, og Øystein går fram og spelar spiss siste 10 minuttane. Jølster har god kontroll no, og prøver på ein liten sluttspurt men ein god redning av Per Einvald og ein stolpetreff hindrar fleire baklengs. Etter 41 minuttar, akkurat i det eg står og filosoferar over kor dårlege me har vore på bortebane i år har plutseleg alle ballane forsvunne. Når ein ball plutseleg dukkar opp at har enkelte gløymt kvar, og korleis spelet skulle setjast i gang at. Øystein spør linjemannen, som ikkje er sikker, og er i ferd med å ta eit innkast når Jølsterbenken påpeikar at det visst nok var eit frispark til dei. Dette var dommaren einig i, og då vart det slik. Dagens jølstring vart kåra, og Tom Sandal kan gleda seg til middag for 2 på Essoen. Det einaste som skjer på slutten er at me pådreg oss eit par gule kort. Joakim først når han sparkar vekk ballen. Eg vel og tru at dette var ein bom når han skulle spela attende til keeper, og ikkje med vilje for å sleppa og spela neste kamp. Deretter, etter 47 minuttar og på 0-3 tek ein jølstring ballen frå Øystein. Dette likte vår kaptein so dårlig at han satte etter denne spelaren og takla ballen vekk frå han, dette hadde vore heilt greitt om han ikkje gjorde dette bakfrå og unngikk å ta begge beina på motspelaren samstundes.

Joakim fekk gult kort for å spenna vekk ballen i dag.
Alt i alt ein særs fortent siger til eit godt Jølstralag, som spela ein type fotball som var mogeleg å gjennomføra på den elendige bana. Å spela vårt spel langs bakken var umogeleg, me rotar og får lite til.
Kampfakta: Jølster – Lærdal 3-0 (0-0)
46 min. 0-1 Tom Erik Sandal
56 min. 0-2 Ole Martin Bolset
58 min. 0-3 Tom Erik Sandal
Gule kort: Joakim Moen og Øystein Lindesteg Rinde.
Laget (4-4-2): Per E. Aspevik - Vidar Hille, Anders H. Stadheim, Øystein L. Rinde, Jan A. C. Voll – Ole J C. Voll, Thomas Lunde, Thomas Grøttebø (Gøran Klingenberg i 80), Kim S. Bjørkum (Peder Lem i 45 (Per Jansen 67)) – Joakim Moen, Simen S. Øren (Aleksander Høydal i 75).

Anders spela midtstoppar mot Jølster.

