Grasrotandelen for

Det er nå samlet inn

10 245,-

med bidrag fra Grasrotandelen, tilskudd og andre gaver

Linker:

Oppretta 16.05.2010 av Arvid Vindedal.

Høyang - Lærdal 3-2

Av: | 20. August, 2011
Print
Lærdal tapte 3-2 borte mot Høyang. Lærdal hadde fortent minst eit poeng, men det ville seg ikkje.

Til denne kampen mønstra me tilnærma full tropp og me hadde tru på at me kunne få noko ut av denne sekspoengskampen. Me starta og kampen bra, etter eit minutt var fekk Joakim med seg ballen inn i feltet til Høyang, men avslutninga strauk utsida av stolpen. Etter dette tok Høyang meir og meir over, og når dei scora etter 20 minuttar var det fortjent. Problemet vårt var at me rakna fullstendig etter denne scoringa, Høyang køyrde på og scora like godt to mål til etter 28 og 30 minuttar. I denne voldsomme offensiven til Høyang fekk både Joakim og Øystein gule kort, og Jan fekk seg ein trykk so han måtte forlate bana, og i 31. minuttet blei han bytta ut med Anders. No kom me oss litt til hektene att, og Høyang verka som om dei var nøgd med 3-0. Etter 42 minuttar klarte me å svara når Simen sette fart fram på kanten og la inn til Ole som sette ballen kontant i mål. Godt med eit trøystemål etter ein begredeleg omgang.

I pausen bytta me inn Sjur David for Gøran. Det såg ut som om praten i pausen hadde hjelpt, for i andre omgang var det eit heilt anna lærdalslag som var ute på bana. Me gikk i duellane, og passningskvaliteten steig fleire hakk. Etter fleire småsjansar lausna det og etter 21 minuttar, eit mønsterangrep fram på vår venstreside vart avslutta av Joakim til 2-3 etter pasning frå Simen, årets mål kanskje?. Eit par minuttar etterpå endra me formasjon og sette Håvard inn for Thomas. Me trykker på og skapar sjansar no. Etter 40 byter me ut Joakim og set inn Øystein. I denne fasen har me og tidenes muligheit til å utlikna når Ole dreg seg heilt fri og forbi keeper men set ballen utanfor det tomme Høyang-målet. Me må erkjenna at me taper mot eit godt lag i dag, men me kan vera stolte av forsøket på å henta inn at den store Høyang-leiinga.  

Høyang - Lærdal 3-2 (3-1)
1-0 Morten K. Eriksen (20.min)
2-0 Dani Benitez (28.min)
3-0 Sjur Gjeraker (30.min)
3-1 Ole Johnny Ciroztki Voll (42.min)
3-2 Joakim Moen (66.min)

Lærdal: Per Einvald Aspevik, Gøran Klingenberg (46 min, Sjur David Rio), Jan Andre Cirotzki Voll (31.min, Anders Hille Stadheim), Kim Robert Bjørkum, Ole Johnny Cirotzki Voll, Thomas Lunde  (68.min, Håvard Takle Sanden), Kristen Rockland Aarethun, Andreas Natvik, Simen Øren Skjerping og Joakim Moen (85.min, Øystein Aarethun Lysne)

Høyang: Jaran Vefring, Jan Erik Dregelid ,Ørjan Måren (Jørn Lund 59. min), Kay Vidar Nygård, Svein Inge Bergseth, Dani Benitez, Sjur Gjeraker, Edin Agovic, Tommy Værøy, Vegar Lambrechts, (Stian Rørvik 82. min), Morten Kåre Øen Eriksen

Gult kort: Lærdal: Øystein Lindesteg Rinde og Joakim Moen. Høyang: Kay Vidar Nygård, Morten Kåre Øen Eriksen, Dani Benitez

Dommar: Kai Inge Fløde + 2 AD

Høyang sitt referat frå kampen.

http://idrlag.ilhoyang.com/?artikkel=897&gruppe=3



Tilbake