Grasrotandelen for

Det er nå samlet inn

10 245,-

med bidrag fra Grasrotandelen, tilskudd og andre gaver

Linker:

Oppretta 16.05.2010 av Arvid Vindedal.

Fotballfest 2011

Av: | 28. November, 2011
Print
Fotballgruppa hadde fotballfest på Kvammes laurdag 26.11.2011.

Fotballgruppa fekk servert god drikke og julemat av Lise og co. Deretter kom Quiz Robert med ein liten quiz som team Per Steinar Kvamme vann.

Til slutt var det live musikk ut over dei seine nattetima. Alt i alt ein kjempekveld på Kvammes !

Det vart også delt ut noko prisar, her er dei utvalte:

Årets spelar 4.div: Øystein Lindesteg Rinde

Årets mål 4.div: Joakim Moen (3-2 målet borte mot Høyang)

Flest målgjevande pasningar 4.div: Kristen Rockland Aarethun (10)



Toppskårar 4.div: Joakim Moen (7)



Årets comeback 4.div: Finn Hauge



Årets sponsorpris 4.div Sportsbui: Ole Johnny Cirotzki Voll



Stå på pris frå fotballstyret: Aleksander Offerdal

I tillegg fekk Gunn Kirsti Offerdal blomster for innsatsen sin i fotballstyret.

Per Steinar Kvamme fekk også blomster for sin støtte til fotballgruppa med sponsing og for at han ALLTID stiller opp viss me manglar utstyr.

Tidligare a-lags trenar Øystein Lindesteg Rinde vart vidare heidra med blomster og gåve frå fotballstyret. Han var ingen handyman, men veldig flink å organisera var orda frå fotballsjef Kjell Inge Sanden.

Sist men ikkje minst fekk avtroppande oppmann Kjell Olav Bjørkum ei gåve frå Ole Johnny Cirotzki Voll. Ei litt spesiell gåve, uvisst om den vart nytta denne kvelden.

Jan Tore Stølen (t.v) og Kjell Olav Bjørkum (t.h)

Avsluttar med dette bildet og takkar alle for i år. Me er ein fin gjeng !

Lise Cirotzki Einemo og Kjell Inge Sanden



Tilbake