Før kampen Førde 2 - Lærdal
Lærdal spelar sin sist kamp i 4.div 2011 borte mot Førde 2.
Til dagens kamp mot Førde 2 har Lærdal hatt ein liten utfordring med å skrapa saman eit lag. Skadar, turar til varmare strøk og diverrse andre grunnar har skapt nokon utfordringar for trenarteamet. Simen, Øystein L, Kim Robert, Kristen, Aleksander H, Anders S og Per J, som var med å banka Sogndal 2 3-1 måndag, er alle utilgjengelege til dagens kamp.
Troppen:Per A, Jan Andre, Ole Johnny, Vidar, Øystein Aa, Andreas, Sjur David, Gøran, Finn Hauge, Peder, Aleksander Offerdal, Joakim, Anders Veum og Thomas Lunde.
Finn Hauge (39) og Aleksander Offerdal (16) ligge begge an til å debutere for Lærdal i dag.
Avspark kl 15:00
Lykke til !

